04[1].jpg

Rakfisktartar

15 minutt
4 personar
Skriv ut

Du treng
200 g rakfiskfilet
2 hardkokte egg (finhakka)
4 ss purrelauk (finhakka)
4 ss raudbeter (finhakka)
setersmør
potetlefser, flatbrød

Slik gjer du
Start med å finhakke rakfisken. Legg rakfiskbitane på plastfolie og rull det saman, lag rette kantar på rullen. Set rakfiskbitane i kjøleskapet. Så finhakkar du egg, purre og raudbeter. Lefse med smør skjer du i små firkantar. Ta ut rakfiskbitane og skjer det i fire like firkantar. Ta av folien. Legg fyrst rakfiskbitane på tallerkenen, så legg du ei lefse ved sida av og dernest finhakka egg, purre og raudbeter oppå lefsa. Legg resten av lefsene på den andre sida av rakfisken. Du kan sjølvsagt bruke flatbrød òg.

Velbekomme