Publisert 11. oktober 2016
Rakfisk frå Wangensten og ost frå Valdresmeieriet var tilstades på Barbera-Champagne festivalen i Piemonte. Det vart delt ut tusenvis av smaksprøver på rakfisk og ost, og tilbakemeldingane var særs positive. Italienarane handla med seg rakfisk og ost heim, og meinte blant anna at den to år lagra Fosheimosten smakte betre enn vellagra parmesan. Og vi kan sjølvsagt ikkje motsi dei på slikt. Heilt objektivt så klart. Alt vi hadde med oss av rakfisk og ost vart selt eller oppete, så heim reiste vi tomme for varer, men fulle av minner og inntrykk.
Festivalen held til i ein liten landsby i Piemonte og vert arrangert av lokale Barbera-vinprodusentar i samarbeid med Franske Champagneprodusenter. I ei avvigsla kyrkje midt i byen er det smaking av vin og champagne saman med østers, rakfisk og ost. Ein spennande kombinasjon for mange!