Rakfisk etter gamal oppskrift,
salta og modna for å få fram den beste
smaken og konsistensen.

På garden vår Færden i Valdres har familien raka fisk i generasjonar. Alt på 1800-talet byrja vi å hente ut aure frå vatna omkring og foredla fisken på garden. Etter kvart flytte vi produksjonen til meir moderne lokale, men oppskriftene og krava til kvalitet og smak, er dei same.

Frå vårt eige oppdrettsanlegg i dei Jämtlandske fjellvatna har vi tilgang til fersk fisk heile året, og slik er vi sikra rett mogning. At vi har lykkast, er stadfest år etter år i rakfiskmeisterskap og at vi er blitt landets største rakfiskprodusent. Når du legg eit stykkje rakfisk frå Wangensten på tallerken, skal du førebu deg på eit festmåltid.

Om oss
Produksjon og oppbevaring