05[1].jpg

Rakfisksalat med purrelauksdressing

15 minutt
4 personar
Skriv ut

Du treng
ca. 250-300 g rakfiskfilet
1 pk. rucolasalat
1 pk. raddichosalat
1 pk. raddicho rosso
1 stk. raudlauk
5 stk. reddik
½ raud paprika
1 plommetomat
1 vårlauk

Dressing
1 beger seterrømme
1 liten purrelauk
salt og pepar.

Slik gjer du
Skjer purrelauk fint med kniv og tilset seterrømme, smak til med salt og pepar.
Vask og riv salaten i bitar. Skjer opp alle ingrediensane og bland salaten lett saman. Tilset rakfisken i terningar heilt til slutt. Hell dressingen over rett før servering, eller du kan servere han ved sida av.

Velbekomme