11[1].jpg

Rakfisk som sushi

20 minutter
4 personer
Skriv ut

Du treng
ca. 300 g rakfiskfilet
1 pk potetlefse
soyasaus/fungi
wasabi
sushi nori (japansk tang)

Slik gjer du
Legg ei lefse på ei bambusmatte. Legg så tangen sushi nori på ca. 1/3 av lefsa. Legg deretter på ei stripe med wasabi som du stryk på kanten av tangen. Strimle rakfiskfileten og legg han på. Rull det saman inne i bambusmatta (akkurat som sushi). Skjer det opp i 2-3 cm breie stykke med ein skarp kniv. Set stykka på høgkant og anrett dei på eit fat. Server dei saman med soyasaus eller fungi.

Drikkeforslag
Rakøl eller lettøl.

Velbekomme