bokframside.png
FÆRDEN gards- og slektshistorie

Garden vår Færden er ein gamal gard som vart rydda i folkevandringstida for 1600 år sidan. Garden ligg fritt og sydvendt til i Røn i Valdres. Gjennom mange hundreår har generasjonar før oss hatt livet og arbeidet sitt på garden. 

Brørne Mads Jørgen Wangensten og Olav Færden Wangensten har her samla gards- og slektshistoria til Færden mellom to permer. Historia og hendingar bakover i tida vart formidla av foreldre, og ikkje minst besteforeldre som også budde i huset då dei vaks opp. Vi ynskjer med denne boka å formidle kunnskapen og historia vidare.

Om du ynskjer å kjøpe boka finn du han hjå Norli bokhandel på Fagernes. Eller du kan sende ein epost til Mads Jørgen Wangensten på madswangensten@gmail.com om du vil ha ho tilsendt.