Om oss

Wangensten AS er ei familiebedrift som i dag vert drive av 4. generasjon rakfiskprodusent.
Jørn Wangensten har dei siste 20 åra leia bedrifta han eig i lag med foreldra Berit og Olav.

 

Produksjonsanlegget ligg i dei tidlegare lokala til Nord-Aurdal meieri på Leira i Valdres. Her produseres det årleg omlag 150 tonn rakfisk for det norske markedet og det gjer Wangensten til den største rakfiskprodusenten i landet. I tillegg til rakfisk sel Wangensten òg Rakøl - eit spesialbrygga øl som passar perfekt til rakfiskmåltidet - og ost frå eige ystri.

Rakfisk er ein gamal norsk mattradisjon som går tilbake til middelalderen. Begrepet rakfisk er fyrste gong omtalt i 1348, i offentlege dokument frå Jämtland, men kan sannsynlegvis stadfestas endå tidlegare. Vi er difor stolte over å kunne hente ut dei fantastiske råvarene våre frå det friske fjellvatnet i Jämtland, for så å foredle han til rakfisk i Valdres.

Til rakfisk vart det brukt både aure, røye, sik og sild, medan det i dag stort sett er aure som blir brukt. Hovudtyngda er oppdrettsfisk av regnboge-aure, men også fjellaure blir brukt. Tidlegare laga ein rakfisk både i Trøndelag, Møre og Romsdal og Nord-Noreg, men med dei store dalføra på Austlandet som kjerneområde.

I dei siste tiåra er det Valdres som er blitt eksponent og hovudsete for nesten all rakfiskproduksjon i Noreg. Rakfisk er i dag synonymt med Valdres og har vorte eit begrep som for skjønnarar er ein utmerkt delikatesse av ypparleg kvalitet. Noreg er elles ikkje aleine om denne konserveringsmetoden. Tørking, salting og fermentering er dei eldste kjente metodane for konservering av mat, og vert rekna for å vere minst 5000 år gamle. Sverige, Island, Noreg, Russland og andre stader i Europa, Japan, Kina og Søraust-Asia har tradisjonar langt tilbake. Framleis blir denne metoden nytta i desse landa.

fiske.jpg
Wangensten Fisk AB

Familien Wangensten byrja i 2011 eige oppdrettsanlegg i dei friske fjellvatna i Jämtland. Her får fisken gå i store merdanlegg, så nært opptil sitt eige habitat som mogleg, før han vert slakta og sendt til Valdres for vidare foredling.

Vi produserar ca 450 tonn regnbogeaure per år der 180-200 tonn går til vår rakfiskproduksjon i Valdres. Resten vert selt til øvrige aktører på marknaden i både Sverige og Norge.

seter.jpg
Valdresmeieriet AS

Valdresmeieriet produserer Valdres Ost, som er faste gulostar med og utan krydder. Osten vert ysta for hand av heilmjølk frå gardar i Valdres. Det fins tre variantar med krydder; Bukono, Helin og Syndin, som alle har fått navn fra stølsområder i fjellheimen rundt meieriet som ligg i Vestre Slidre i Valdres. Vi lagar óg to naturelle ostar som heiter Fosheim og Bufar. Den mest spesielle osten er kanskje Bufarosten, som vert laga berre på stølsmelk. Eigenskapane til stølsmjølka frå Valdres er så spesielle at det har vorte skrive ein egen doktorgrad om ho, og samansetninga av mjølka gjer at osten vært i særklasse