
Det har i lang tid vore stor tradisjon for osteproduksjon i Valdres. Kunnskapen gjekk i arv og det var vanleg å yste på stølane om somrane. Om den osten sa dei: "Østen æ sjele god i eplegrafsten, best i skur'n og kan etast te bisk attve smør og eple."
Osten vår er handlaga av heilmjølk frå gardar i Valdres. Det går omlag 10 liter heilmjølk til å lage 1 kg ost.
Vi kan tilby fire variantar:
BUFAR - ost av
stølsmjølk frå Valdres.
SYNDIN - krydra med brennesle.
HELIN - krydra
med karve.
BUKONO - krydra med
bukkehornskløver.
Osten blir modna etter tre skalaer:
Mild (lagra i tre månader), lagra (modna i seks månader), og
vellagra (modna i eitt år).
Enkel ordliste:
Øst - Ost
Sjele - veldig
Eplegrafsten - når potetane vart takne opp om hausten
Skur'n - tida då kornet vart hausta inn
Bisk - formiddagsmat
Attve - ved sida av
Eple - potet