

Tid: Ca. 20
minutt 4
personar
Du treng:
10 jordskokkar
1 l vatn
1 dl kremfløyte
2 ss usalta smør
1 ts salt
1/2 ts pepar
200 g rakfisk
4 stk. grillspyd
Slik gjer du:
Start med å lage suppa; skrell 8 jordskokkar og legg dei i ein
kjel. Tilset vatn til det dekker, og hell i så mykje fløyte at
væska blir kvit. Det er viktig at fløyten kokar med, elles blir
jordskokkane brune. Bruk ikkje salt. La det koke til jordskokkane
er møre. Ta vare på kokevatnet. Legg jordskokkane over i
ein foodprocessor saman med litt smør, og køyr til det blir
ein glatt mos. Hell mosen tilbake i kjelen og spe med kokevatnet
til passe suppekonsistens. Smak til med salt og pepar.
Skjer rakfisken i fine terningar og tre rakfiskterningane på
spyda, som du legg på tvers av suppebollen. Pynt med ein
timiankvist.
Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.