

Tid: 10 minutt 4-8 personar
Du treng:
300 g rakfiskfilet
1,5 dl creme fraiche eller seterrømme
6-7 grøne purreringar
(litt salat og toast)
Slik gjer du:
Bland rakfisk, purreringar og creme fraiche i ein hurtigmiksar. Bør
ikkje blandast for lenge, det skal vere litt grovt, med småbitar av
fisk og purre synleg i moussen. Anrett han på ein tallerken med
nokre salatblad og rista brød. Moussen kan også sprøytast på
tallerken og serverast med potetlefser eller flatbrød til. Eignar
seg også som pålegg på brødskiva.
Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.