

Tid: 15 min 4-6 personer
Du treng:
ca. 400 g rakfiskfilet
1 pk. potetlefser (ca. 16 cm x 16 cm store)
salatblad
tannpirkarar (utan tilsett smak)
eventuelt finhakka purre
seterrømme
Slik gjer du:
Smør ei kvadratisk lefse med smør og dekk med tynne salatblad. Legg
eit tynt lag med skiver av rakfisk over det heile, med eventuelt
litt finhakka purre og eit tynt lag med rømme. Rull lefsa fast
saman og lås henne med tannpirkarar med ca. 2 cm avstand mellom
kvar. Bruk ein skarp kniv og skjer rullen i skiver mellom kvar
tannpirkar. Server som fingermat til forrett eller
nattmat.
Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.