

Tid: 20 minutt 4 personar
Du treng:
ca. 300 g rakfiskfilet
1 pk potetlefse
soyasaus/fungi
wasabi
sushi nori (japansk tang)
Slik gjer du:
Legg ei lefse på ei bambusmatte. Legg så
tangen sushi nori på ca. 1/3 av lefsa. Legg deretter på ei stripe
med wasabi som du stryk på kanten av tangen. Strimle rakfiskfileten
og legg han på. Rull det saman inne i bambusmatta (akkurat som
sushi). Skjer det opp i 2-3 cm breie stykke med ein skarp kniv. Set
stykka på høgkant og anrett dei på eit fat. Server dei saman med
soyasaus eller fungi.
Drikkeforslag:
Rakøl eller lettøl.