For mange er det berre ein måte å eta rakfisk på, og det er med smør og potet. Andre vil kanskje ha rømme, lauk og lefse ved sida av, medan andre att vil ha endå meir tilbehør. Alle har vi våre vanar og tradisjonar for korleis eit rakfiskmåltid skal nytast.
Men kva med å prøve noko nytt neste gong du skal ha rakfisklag? Vi i Wangensten AS har fått utvikla fleire nye oppskrifter der rakfisken er brukt på litt utradisjonelt vis, og det med stort hell. Vi har smakt dei alle som ein og kan varmt anbefale dykk å prøve ein av desse. Bla deg nedover lista så finn du heilt sikkert noko som kan freiste. God appetitt!