
Rakfisk er eit sensitivt
produkt som krev rett oppbevaring.
Ferdig modna rakfisk skal aldri oppbevarast over
+ 4 °C. Legg han i kjøleskap eller kjølerom, så held han seg så
lenge som oppgitt. Rakfisken er haldbar i eitt døgn etter at pakka
er opna. Rakfisk skal serverast temperert. For dei som
føretrekker rakfisk med kraftigare smak, kan fisken oppbevarast
eitt til to døgn i opp til + 8 °C.
Rakfisk eignar seg godt til frysing i vakuumpakka tilstand, og då stoppar også modningsprosessen. Fisk i spann eller butt må heile tida ha lake som dekker fisken. Lake for etterfylling kan du lett lage sjølv. Kok opp 50 g salt pr. l vann, som du deretter avkjøler heilt og heller over fisken.