UTVIDAR OSTEPRODUKSJONEN

Publisert 20. juni 2013

Etter oppstarten for snart eit og eithalvt år sidan har etterspurnaden etter osten berre auka. Det tok ikkje meir enn 6 månader før vi flytte produksjonen til større lokale, og no er vi igjen i gang med å fornye oss. Denne gongen aukar vi kapasiteten fire gonger dagens mengde.

Hamma er no på veg heim frå Nederland med nytt ystekar som tek heile 4000 liter, nye former, ny pasteur og ny flott presse. Dette rustar oss til å dekke den overveldande etterspurnaden. Vi gler oss òg over sumarsesongen og at kyrne fløt til fjells, slik at vi kan lage nye smaksrike ladningar med Bufarost av den gode stølsmjølka.

God sumar, godtfolk!