RAKFISKSESONGEN ER I GANG!

Publisert 6. august 2013

Endelig er vi i gang med å pakke årets rakfisk! Allereie måndag går fyrste lastebilen med den velsmakande delikatessa ut til butikkar i Austlandsområdet. I kontor- og produksjonslokala våre på Leira i Valdres breiar no den gode lukta seg, og vi kunne ønske at lukt kunne formidlas gjennom internett, for dette blir man svolten av!

Mange knyttar rakfisken opp mot hausten og juletider, men rakfisk smakar fortreffeleg også på ein varm sumardag. Med flatbrød og godt smør til er dette super snacks.

Er ikkje rakfisken komen til den lokale kjøpmannen din endå? Spør etter han i butikken, så får dei han snart på plass. :)