RAKFISKFESTIVALEN 2011

Publisert 1. november 2011

No er rakfiskfestivalen rett rundt hjørnet, og vi i Wangensten gler oss til å by fram rakfisk og ost for smak og sal. Rakfisken får du kjøpt i eigen bod ute i gata fredag og laurdag, og i tillegg inne i smaksprøveteltet laurdag. Boden i gata er plassert nær varden foran Coop-bygget (vis à vis Veksthuset). Sjå etter våre kvite flagg med svart skrift på. Du kan få kjøpt vakuumert heil, flådd og filetert fisk, og 5 kgs spann med heil fisk. Rakølet frå Wangensten må du på Coop Mega Fagernes, Eurospar Fagernes eller Meny Leira for å få tak i. Joker Ranum i Ulnes og Joker på Vaset har òg Rakøl i sitt vareutval. Ekstra moro er det at vi denne helga har premiere på osten vår! Valdres Ost har eigen stand i Jernbanevegen fredag og lardag, vis à vis Interiørsenteret Fagerike. Her vil du treffe Hamma, ystaren i eigen person, og han har med fleire type ostar: Bufarost (stølsost), Syndin (brennesle), bukkehornskløver og nøkkelost m.a.
Velkommen til ein triveleg handel hjå oss! Vi sjåast!