PREMIERE VALDRES OST

Publisert 30. oktober 2011

Torsdag kveld går startskotet for årets rakfiskfestival. Med det er òg startskotet for salet av ostar frå Valdres Ost. Hamma Germiani, Ystaren med stor 'Y', finn du på standen vår i teltet på Skiferplassen der Byfanten held hus, torsdag kveld. Fredag og laurdag har vi stand i Jernbanevegen, omlag vis á vis Interiørsenteret Fargerike. Og de kan berre glede dykk! Hamma byr på smaksprøver og de kan få kjøpt med heim for å nyte i ro og mak.

Vi i Wangensten og Valdres Ost vil med dette ynskje dykk alle hjarteleg velkomne til festival i Valdres!