OSTEKNIV OG SKJEREFJØL MED LOGO

Publisert 10. oktober 2013

Ei god skjerefjøl og ein skarp og stødig ostekniv er akkurat det gode ostar treng.

Vi er stolte av å ha vår eigen logo på desse gode produkta frå annerkjente Boska i Nederland. Med desse er det lett å skjere opp favorittosten og server han i godt selskap med vener og familie.

Skjerefjøla har ein hendig fasong med håndtak og hempe til oppheng, og passar like godt på frokostbordet som på buffeten. Gni inn begge sider av fjøla med nøytral matolje før bruk fyrste gongen. Turk av overflødig olje og gjenta etter behov etterkvart som du vaskar og brukar skjerefjøla. Vaskast for hand, ikkje i oppvaskmaskin.

Ostekniven gjev deg betre kontroll over osten, og han passar særs god til å dele opp faste ostar i terningar og stavar, og til å skjere av dei harde kantane på osten. Kniven har eit knivblad på 15 cm i rustfritt stål og to handtak av tre. Han må av den grunn vaskast for hand.