NYHEIT! WANGENSTEN RAKFISK HALV FILET!

Publisert 15. oktober 2013

Wangensten Rakfisk HALV FILET

Wangensten kjem no med rakfisk i ei mindre pakke. Den veg om lag 150 gram og er ypparleg til ein porsjon. Wangensten Rakfisk halv filet passar særs godt viss du skal eta åleine eller ha rakfisk som ein av fleire rettar.

Som snacks kan vi anbefale litt seterrumme, lefse eller flatbrød og kanskje litt hakka lauk om du vil. Smør på og legg på bitar av rakfisk med ein klatt rumme og litt lauk på toppen. Og på 1-2-3 har du eit smakleg og godt måltid, sumar som vinter.

Enklare blir det ikkje.