NY LOGO OG PROFIL

Publisert 7. november 2011

Dei grøne pakningane med rakfisk har no gått over i historia, og dei nye, flotte pakningane i svart-kvitt er å finne i ein butikk nær deg. Den nye logoen har både ein W og eit hjarta i seg, og kan sjåast på som eit symbol på at me legg sjela vår i det me driv med.

På baksida av dei nye pakningane finn du litt om historia vår og tips til oppskrifter. Biletet med gamalt motiv syner Jørns oldefar som fiskar i Vasetvatnet for mange herrens år sidan.