NO ER ÅRETS NEDSALTING IGANG

Publisert 17. januar 2013

Denne veka er førebuingane til årets sesong igang for fullt. Med fisk frå eige oppdrettsanlegg gler vi oss til å lage smaksrik og god rakfisk til dykk. Fisken svemjer i merder og held særs høg kvalitet.

Fisken blir henta opp av vatnet, og slakta på vårt nye anlegg i Jämtland. Dernest blir fisken lagt på is og transportert over natt til produksjonsanlegget vårt på Leira i Valdres. Her blir fisken igjen vaska og kontrollert før han blir salta ned og satt på modningslager. Den fisken som blir lagt ned til modning i desse dagar, er klar for butikkhyllane i august. Det vil si at all fisk frå Wangensten er lagra i minimum 6 månader før han er klar for marknaden.

Om du no vart så freista av rakfisk, at du berre må ha det, så kan du framleis få tak i Wangensten rakfisk rundt om i butikkane, eller frå vårt fabrikkutsal på Leira i Valdres.