FOLKETS FAVORITT!

Publisert 7. november 2013

Det var rakfisken fra Wangensten folket likte aller best då det forrige helg vart arrangert Norsk Rakfiskfestival på Fagernes for 20. gong.

Fem hotell; Gomobu Fjellstue, Quality Hotell og Resort Fagernes, Radisson Blu Resort Beitostølen, Bergo hotell og Storefjell Resort utgjer folkejuryen der alle gjestane er med på å smaka og røyste fram sin favoritt. Alle røystane frå desse fem hotella vert sanka inn og talde opp, og i år var det altså Wangensten som vart folkejuryens favoritt!

Vi takkar og bukkar og er hoppande glade for prisen!