FØRPREMIERE PÅ VALDRES OST

Publisert 12. oktober 2011

Wangensten AS var godt representert på Bohus onsdag kveld då over 250 damer var tilstades for "shopping og champagne" hjå møbelbutikken. Finn Schøll var på plass og danderte blomster og held foredrag. Som takk fekk han ein kurv med lokalprodusert mat som blant anna inneheld rakfisk frå Wangensten. I tillegg til handling og foredrag var også Valdres Mathus hyra inn for litt matservering. Dei hadde mykje godt på fata, og kanskje best av alt; ei førpremiere på osten frå Valdres Ost! Osten var av den milde lagringa og det var moro å høyre alle dei positive tilbakemeldingane om han. Vi ser fram til Rakfiskfestivalen på Fagernes fyrste helga i november, der du både kan få smake og kjøpe osten og rakfisken vår. Sjå www.rakfisk.no for meir informasjon om Norsk Rakfiskefestival på Fagernes.