DEN BESTE BITEN

Publisert 5. september 2013

Det er ei stor glede for oss når vi denne hausten kan introdusere eit heilt nytt produkt for dykk.

Wangensten Rakfisk Signatur er ein skinnfri langtidsmodna loin som er reinskore frå den beste delen av rakfisken. Rett og slett den beste biten!

Vi har gjort det enkelt for deg, alt du treng å gjere er å skjere han opp i passelege bitar og leggje han på fat. Dernest er det berre å nyte måltidet.

Som enkel og god snacks kan vi anbefale godt flatbrød med setersmør, bitar av Wangensten Rakfisk Signatur, ein klatt rumme og litt lauk om du vil. Attved smakar det godt med Rakøl eller lettøl.

Denne hausten vil du berre finne dette produktet hjå Norgesgruppen sine butikkar.