ÅRETS RAKØL ER PÅ PLASS

Publisert 27. august 2013

I nydeleg seinsumarvér gjekk turen over Filefjell til det fagre Vestland. Endeleg var tida komen for å hente heim årets produksjon av Rakøl.

Det er Ægir Bryggeri i Flåm som produserar Rakølet for oss, som vi har utvikla etter gamle bryggeoppskrifter frå Valdres. Sjå heimesida til Ægir Bryggeri her: http://www.flamsbrygga.no/aegir-bryggeri/.

Ta kontakt med oss direkte på tlf: 61 36 23 00 eller e-post: klikk her, for bestilling til din butikk, restuarant eller ditt hotell.

Elles i Valdres finn du Wangensten Rakøl hjå Joker Vaset, Meny Leira, Rema 1000 Leira og Spar Fagernes med fleire.

Wangensten Rakøl vil òg vere på plass i fleire butikkar rundt om på Austlandet utover hausten. Spør etter Wangensten Rakøl i din lokale butikk.